Frå 15. juli skifter Kaupanger Hovedgård låssystem på bommene. På bommen ved Dalaker vil vi i ein overgangsfase låse med både gamal og ny hengelås slik at alle bruksrettshavarane kan prøve ut og gjere seg kjent med det nye systemet.
Alle bruksrettshavarar skal ha fått ein tekstmelding med beskjed om nytt låssystem.
Dei nye hengelåsane har ikkje vanleg nøkkel, men vert opna med mobiltelefon. Dette krev mobil med NFC-funksjonalitet. Bruksrettshavarane er sjølv ansvarleg for ha å mobil med NFC – funksjonalitet.
Bruksrettshavarar vil få ein tekstmelding med lenke til app som gjev tilgang til hengelåsa. Meldinga vil bli sendt til mobiltelefonnummeret som er registrert på bruksrettshavar.
For 2024 vil det koste kr. 300 pr. brukar. Om bruksrettshavarar har behov for tilgang til fleire brukarar må de sende skriftleg søknad med grunngjeving. E-post sendar de til post@hovedgaard.no. Kaupanger Hovedgård vil legge vekt på om det vert dreve dyrehald.
Vi gjer merksam på at låssystemet loggar all bruk.
KVA ER NFC?
NFC står for Near Field Communication, og er ein trådlaus overføringsmetode. Den opnar for at mobilar med NFC kan lese av NFC-brikker. Informasjon om NFC-kontaktpunktet finn du på mobilen når du aktiviserer den i mobilen.
Systemet fungerer slik: Du legg den delen av mobilen som har NFC-kontaktpunkt mot undersida av hengelåsen (den svarte boksen under hengelåsen).
Deretter kommuniserer mobil og hengelås med kvarandre. Dette vil du sjå ved at ein grøn sirkel beveger seg på skjermen på mobilen. Når du høyrer ein klikkelyd er hengelåsen open. Da drar du den svarte boksen rundt og du kan opne hengelåsen.
OBS! Det er viktig at det er direkte kontakt mellom telefon og undersida av hengelåsen. Har du deksel eller anna mobilbeskyttelse må du ta den av før du skal opne hengelåsen.
OM LÅSSYSTEMET
Meir informasjon om systemet finn de her: https://www.iloq.com/nb/katalog/h50s-341-60-hc/