KAUPANGER HOVEDGÅRD. JEKTESTRONDI 2, 6854 KAUPANGER. POST@HOVEDGAARD.NO.

Dei freda bygga er datert frå første halvdel av 1600-talet og fram til 1950-talet. I tillegg finn vi fleire verneverdige bygg, som røykhus, fjøsbygningar og naustrekkje innanfor fredingsområdet, daterte til 1700-, 1800- og 1900-talet. I tillegg til bygga er omlag 300 daa av kulturlandskapet freda.

Kaupanger Hovedgård har namnet sitt etter kaupangen som truleg vart etablert rundt år 1000 (liten kjøpstad eller by). Namneforskarar daterer kaupangsnamnet til 900-talet, noko som viser at namnet er tett knytt til vikingtida. Samstundes syner dyrkingslag at garden førebels skal daterast til byrjinga av bronsealderen. Med andre ord hadde garden allereie eksistert rundt 3000 år før kjøpstaden vart etablert. I dag har vi ikkje skriftlege eller andre kjelder som fortel om det opphavlege gardsnamnet. Stadnamn er normalt seige strukturar, der det skal mykje til før det skjer endringar. Dette tyder på at garden relativt fort gjekk over til å bli oppkalla etter kaupangen, noko som understrekar dei omfattande omveltingane i samfunnet i overgangen mellom vikingtida og mellomalderen.

Kaupanger Hovedgård er ein av dei største freda eigedomane på Vestlandet og har over lengre tid samarbeidd med Institutt for miljø og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), som har nytta det freda området i sitt utdannings- og forskingsarbeid. Dette gjorde det naturleg å utvide samarbeidet til også å gjelde restaurering av det freda kulturlandskapet.

I 2020 etablerte Kaupanger Hovedgård difor prosjektet «Opplevingslandskap Kaupanger» saman med Høgskulen på Vestlandet (HVL). I prosjektet har HVL ei aktiv rolle i utforming og oppfølging av restaureringa av utvalde deler av det freda kulturlandskapet. Vi ser òg at samarbeidet med høgskulen gjer at området er ein attraktiv lærings- og forskararena. Berre i 2021 er det sett i gang fire ulike studentoppgåver, som spenner frå kartlegging av artsmangfald, pollinerande insekt og til georadarundersøking for å undersøke potensialet for arkeologiske funn. I tillegg medverkar Norsk institutt for naturforskning (NINA) med faglege innspel i arbeidet.

Restaureringa av kulturlandskapet i det freda kulturmiljøet på Kaupanger Hovedgård starta i 2008. Målet er å reetablere det opphavelege, opne landskapspreget som området hadde før Skogfrøverket etablerte granfrøplantasjar her i 1960-åra.

Utviklingsplanen skildrar ei vidareutvikling av denne restaureringa av kulturlandskapet rundt Kaupanger stavkyrkje i det vi kallar «Opplevingslandskap Kaupanger». Planen tek utgangspunkt i eit levande jordbrukslandskap og foreslår tiltak som kan betre den økologiske tilstanden i kulturlandskapet, og styrkje leveområda til ville pollinerande insekt.

Planen har ei heilskapleg tilnærming til kulturminne, kulturlandskap og berekraftig utvikling og presenterer ei rekkje tiltak som støttar biologisk mangfald. Målet er at Opplevingslandskap Kaupanger skal bli eit føregangsprosjekt for berekraftig kulturmiljøforvaltning, og at erfaringane herifrå kan overførast til andre, liknande område.

Lenke til utviklingsplanen ligg her:

https://hvlopen.brage.unit.no/hvlopen-xmlui/handle/11250/2831266?fbclid=IwAR3XVEr3hDA_5fjs7WmgWilmthgHL39tbwSLRYtXvIQl27EiuorwtVW8ZXY

Prosjektet er støtta av Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune. Sogndal kommune har òg vore viktig støttespelar i arbeidet. Kaupanger Hovedgård har òg fått tilskot frå Riksantikvaren sitt verdiskapingsarbeid for å vidareutvikle prosjektet.

Scroll Up