KAUPANGER HOVEDGÅRD. JEKTESTRONDI 2, 6854 KAUPANGER. POST@HOVEDGAARD.NO.

I 1963 vart innmarka til Kaupanger Hovedgård leigd ut til det som dag er Stiftelsen Det norske Skogfrøverk og planta til med grantre. Samstundes vart gardsdrifta lagt ned. Dette er truleg den største enkelttransformasjonen av kulturlandskapet som omkransar tunet og stavkyrkja i Kaupanger sidan kjøpstaden i Kaupanger vart etablert rundt år 1000.

Der det tidlegare var eit kulturlandskap prega av stor historisk djupne, med fysiske spor etter kulturhistoriske, sosiale og økonomiske samanhengar, utvikla det seg gradvis ein granfrøplantasje med 15-20 meter høgde grantre som hindra både utsyn og innsyn til det unike kulturmiljøet som hovudgarden og stavkyrkja i Kaupanger utgjer. I fredingsvedtaket for Kaupanger Hovedgård var difor Riksantikvaren opptatt av at det ideelle preget dette landskapet bør ha er tida mellom 1850-1960.

Mellom anna for å følgje opp målsetninga i fredingsvedtaket, vart gardsdrifta reetablert i 2008.

Parallelt med dette starta arbeidet med å avvikle granfrøplantasjen. Dette var eit viktig signal frå Kaupanger Hovedgård om at dei ønskja å ta fredingsvedtaket frå Riksantikvaren på alvor. Viktig faktor i dette arbeidet var òg at skogfrøverket var positiv til innspel frå Kaupanger Hovedgård om stegvis avvikling av plantasjen. Kaupanger Hovedgård har i restaureringsarbeidet lagt stor vekt på at det må skje i dialog med fagfolk og at arbeidet må følgje antikvariske prinsipp, uavhengig om det er bygningar eller kulturlandskapet som skal restaurerast. Det aukar overføringsverdien i prosjektet til andre kulturhistoriske eigedommar og gjer det mogleg å evaluere framgangsmåte, metodar og resultat i dei ulike delprosjekta.

Scroll Up