Kaupanger Hovedgård er ein tidlegere adeleg setegard og har sidan 1710 vore eigd av familien Knagenhjelm. Eigedomen er på ca. 50 000 daa og strekk seg frå fjord til fjell. Kaupanger Hovedgård er blant landets største freda eigendomar i privat eige og er ein av dei største grunneigarane på Vestlandet.
Kaupanger Hovedgård er ein av få freda gods og herregardsanlegg i Norge. Frå 1600-talet og frem til unionsoppløysinga i 1814 hadde eigarane av Kaupanger Hovedgård tette band til Danmark.
Gjøde Pedersen, grunnleggaren av det som i dag er Kaupanger Hovedgård på 1600-talet, hadde mellom annet sterke band til Iver Wind, riksråd i det dansk-norske riket. Niels Knag, stamfar for Knagenhjelm-slekta, var lagmann i Bergenhus, adla i 1721 (til Knagenhjelm) og justisråd i 1733. I 1710 kjøpte han Kaupanger Hovedgård. Andre kjente namn er til dømes Joachim de Knagenhjelm. I 1763 fekk han kongens samtykke til å dele Bergenhus amt i to og satt fram til 1771 som første leiar av Sogn og Fjordane i Kaupanger.
Hovudhuset frå 1851/52 er rekna for å være eit av hovudverka innan seinempire i Norge.
Kaupanger Hovedgård har sidan 2010 investert 60. mill. i næringsutvikling, primært innan kraftproduksjon, eigedomsutvikling og landbruk. Kaupanger Hovedgård, med underliggande selskap, omset for om lag MNOK 8 i året og har vært med på å stifte og ta initiativ til bl.a. Kaupanger Tre/JaTak, Kaupanger næringspark og Tømmerkaien på Kaupanger. Kaupanger Hovedgård er i tillegg involvert i fleire forskings-, innovasjons- og byggvernprosjekt.
I tillegg driv vi med skogsdrift, landbruk med om lag 150 geiter og utleige av hjortejakt .